Turneringsreglement
I alle aldersklasser opp til junior, kan et lag benytte inntil 1 overårig spelar eller gjestespelar. Overårig spelar kan ikkje benyttes på lavare lag dersom klubben stiller lag i spelarens eigen aldersklasse. Gjestespiller kan kun spille for den eine klubben og det eine laget. Det skal vere den same spelaren gjennom heile turneringa, og ikkje fleire i troppen.
Det tillates ikkje overårig spelar eller gjestespelar i 19-årsklassen i Førde cup.
Ved andre forhold, ta kontakt med turneringsledelsen. All søknad om andre forhold er frist for 21. oktober.
Spelesystem:
5 spelarar på bana samstundes. (Keeper + 4 utespelarar)
Ein spelar kan berre brukast på eitt lag i same klasse.
NB! Speletid 13 minutt
Ved lik poengsum i seriespel blir rekkjefølgja avgjort slik:
- Målskilnad
- Tal scora mål
- Resultat i innbyrdes oppgjer
- Myntkast
I Cupspel nyttar ein følgande løysingar ved uavgjort resultat:
- Straffesparkkonkurranse i alle klassar *
- Straffespark tas fra 9 meter.
- 3 straffer. Deretter 1 og 1
Det er dei står på bana ved kampslutt som skal ta straffer.
Andre reglar:
For å avgjere rekkjefølgja mellom laga i klassar med ulikt tal lag i puljane, blir resultatet mot dårlegaste laget teke vekk i dei puljane som har flest lag.
Straffespark under kamp blir også tatt fra 9 meter.
Raudt kort: Utøvar må stå over neste kamp om ein av følgande tilfeller inntreffer:
- Særleg farefullt spel
- Slag/spark
- Grov munnbruk
- Sabotasje av spel
Avgjerda blir tatt av dommar/dommaransvarleg.
Kampavvikling, protestar, frammøte m.m.
Protestar:
Eventuelle protestar skal leverast skriftleg i sekreteriatet seinast 30 minutt etter kampslutt. Protesten skal vere underteikna av den person som er oppført som klubben sin kontaktperson under turneringa. Juryen si avgjerd kan ikkje påklagast. Protestgebyr er sett til kr. 250,- og skal innbetalast ved innlevering av protesten. Blir protesten teken til følgje vil laget få refundert protestgebyret.
Frammøte:
Alle lag pliktar å stille ferdig skifta ved kampbana seinast 5 min. før kampstart. Lag som ikkje møter til kampstart tapar kampen og resultatet vert sett til 3–0. Er eit lag lovleg forseinka til kampstart, skal sekreteriatet orienterast om dette snarast råd. Dersom lag kjem seinare enn 3 min. etter oppsett kampstart, vinner motstandaren på WO. Etter kampslutt oppmodar vi laga til å forlate kampbana. Det er ønskjeleg at ein utanom kampane nyttar tribuneanlegget.
Kampavvikling:
Kampane vert spelt på fem baner samstundes. Kamper i Førdehuset vert start/stoppa av speaker, medan kampane i Halbrendhallen og Naustdalshallen blir start og stoppa av dommer. På bana har sekreteriatet ein person som held -kontakt med dommar og kampsekretariatet. (Lagleiarane kan gjere seg nytte av denne -personen om det er trong for det.)
Drakter etc:
Det lag som står oppført som heimelag i kampane tek avspark og stiller på den banehalvdel der tidklokka er. Har to lag like drakter, skal bortelaget skifte drakter, eventuelt nytte tilviste vestar. Bortelaget er ansvarleg for å undersøke om like drakter vert nytta.
Spelereglar Førde cup:
Keeper:
Keeper MÅ kaste ballen ut når ballen har vore bak mål. Keeper kan IKKJE kaste/sparke ballen over midten når den har vore bak mål. Når keeper redder kan keeper kaste/sparke over midten (kan dog ikkje kaste i mål).
«Fire sekundsregel»:
Keeper kan ha ballen i hendene i maks 4 sekund. Ingen regel når keeper har ball i beina.
Fire sekund på å setje ballen i spel ved innspark, corner, frispark etc.
Brudd på regelen fører til indirekte frispark til motstandarlaget.
Gule kort:
Ingen soning ved gult kort. Spelar tek heller ikkje med seg gule kort vidare i turneringa.
Rødt kort:
Utøvar må stå over neste kamp.
Spelar som får tildelt rødt kort, må stå over neste kamp i følgande tilfeller:
- Særleg farefullt spel
- Slag/spark
- Grov munnbruk
- Sabotasje av spel
Avgjerda blir tatt av dommar/dommaransvarleg.
Ball i tak:
Innspark til det laget som ikkje var borti ballen .
Sklitakling:
Skiltakling er forbode, og bestraffast med frispark og minimum gult kort. Dommar sitt skjønn som avgjer om det er ei sklitakling eller blokkering.
